Søk i denne bloggen

mandag 10. desember 2012

onsdag 28. november 2012

Ingen bilete = Ingen blogging



Blir ikkje noko blogging når eg ikkje får lov til å legge ut bilete!! ARG!

tirsdag 20. november 2012

Idrettsfest

Her sat eg med gutane :)


I helga var eg heime på øya ein tur. Det var Idrettsfest, og sidan eg skal jobbe i romjula var det kjekt å få med seg ein før-juls-fest med gode vennar :)

Elise, Karoline, kjærasten til Karline, Robert og Sigrid :)


Eirik, Geir Rune(kjærasten til Ane) og Ane :)


Søte Ane :)


Sigrid, Peter, Elise og Karoline


Robert, meg og Sigrid :)

lørdag 17. november 2012

Photoshoot med Cato og Preben


Smeis.. Dette blir så bra til slutt!! Dette er berre bakgrunnsbilete med eit lite digitaltkamera..
Det er flinke Ewa som har vore fotograf. Og vi har hatt det veldig gøy ;)


Chillan... ;)


Hihi..


 



Kva synest DU? :)

Besøk av mamma, pappa og Emilie


Forrige helg hadde eg besøk av mamma, pappa og Emilie!

Heldigvis brukar ikkje pappa å vere på bloggen min ;) hihi..
Beklager uklare bilete.... men ellers synes eg dei var vedig fine då!
Emilie og farfar-kos :)



Ei lita trultemor som veit kva ho vil ;) Men er heilt nydeleg :)

Advanced kurs i London 4.-7.november


Tenkte eg måtte legge ut ein liten bit til frå London og kurset eg var på :)
Bileta over og under er frå den nye Toni&Guy kolleksjonen som eg var og lærte teknikkar og motar i frå :)



LabelM reklame:
 

 Ein (som hadde skada auga si) i aksjon!


Så var eg så heldig å stå i Oxford Street når julelysa kom på :)


Så møtte eg Iselin som er ei barndomsvenninde av meg som studerar der borte. 



Litt julestemning då. Koseleg.


Og til slutt det fine utstillingsvindauget til Miss Selfridge.

søndag 4. november 2012

My day, my day


Denne og ein til som smilte møtte meg i dag når eg kom fram til KFUK. Denne var tøffast, så eg tok berre bilete av den. Kanskje den andre i morgon ;)


Her er kosekroken min. Ganske så koseleg :) Eg har eit ganske så stort rom. To sengar her, så eg bur endå åleine, og håpar eg gjer det resten også :)


I stolen mot vindauge sit eg i. Her har eg no sett Farmen og kosa meg med Jaffa cakes og engelsk versjon av Noicy ;) Snilde kjærasten min ville betale Sumo så eg fekk sjå det. Det var nemleg veldig viktig i dag, sidan Marianne frå Sunnmøre skulle i tvekamp. Den vann ho heldigvis :D

 "Noicy" = nam


Tidlegare i dag var eg på Westfield kjøpesenteret som ligg ikkje så langt frå her eg bur. Enooormt mykje folk. Slitsamt var det rett og slett. Men eg kjøpte eg ein genser. Var den siste i størrelsen min, så då må no det vere meininga ;)
Og så var det litt ull, og det likar eg!
Her er bevis:

 Så var et heim til middag. Eg hadde fått beskjed om at det var kalkun i dag med dessert attåt. Og det høyrtest godt ut. Svolten var eg òg, etter å ha vore vaken sidan 0600.
Så i dag har eg smakt banan-splitt for første gong! Det var no godt det :)


Det var dagen min. I morgon er det kurs!

God natt.

Tilbake i London

Då er eg tilbake i London. Det er valdig rart å vere her igjen, då eg "budde" her i 2 månadar, for 7,5 månad sidan. Tida går så utruleg fort.

Eg bur på same plassen, men denne gongen skal eg berre vere her i 4 dagar på kurs. Advanced kurs frå den nye kolleksjonen til Toni&Guy. Litt kjedelig å vere her åleine, men dagane går nok fort då kurset varar til 18,19 på kveldane.

No sit eg nede i matsalen og ventar på rommet mitt som skal vere klart klokka 14.00. Mimrar med å sjå på bileta frå då eg "budde" her, ikkje mindre enn 719 bilete ;) Etterpå tenker eg å ta turen til Westfield for å sjå på julegåver :) Så blir det å gå i gatene dei andre dagane då det forhåpentlegvis ikkje regnar, som i dag..


søndag 14. oktober 2012

Besøk av Ane og avskjedsfest for Michaela


Ane har vore her i helga, og god frukost høyrar med :) Her er det egg og bacon på laurdagsmorgon.


Så køyrde vi til Lillestrøm for å sjå bror til Ane og resten av storbandet frå Ålesund spele på Romerrike Storbandfestival. Han høgste til høgre som spelar trompet med raud skjorte er Pål, broren til Ane :)
Så for vi også på ei lita shoppingrunde på Strømmen storsenter før vi køyrde tilbake til Oslo.
Då var det berre å gjere seg klar til avskjedsfesten til Michaela.

Meg og Ane


Dette er siste helga vi er samla før Michaela flyttar til København.

Sara

 Her er det overrekking av gåve i serie:

Michaela, Christine, meg, Sandra og ein kompis av ein kompis av Michaela.

 Sjå så glad ho blir!! :)



Litt rørt av fine ord frå kollegaer.


Ein god klem

Veldig glad og fornøgd ser det ut som :)

Ho fekk ein rosa bukett og ei klokke:

Tiden går, men minnene består :) 

Glad i deg Michaela